Sukkerfri, seige kransekakestenger

av Linda Stuhaug
GlutenfriVeganskMelkefri
20

Servings

1
Sukkerfri, seige kransekakestenger

Ingredients

  • 200 g mandelmel
  • 4 ss sukrin gold
  • 1 klype salt
  • 90 g fibersirup clear

Method

  1. Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme. Bland mandelmjøl med Sukrin Gold og salt før du vender inn Fibersirup Clear. Bruk handa og kna godt til alt er blanda saman. Konsistensen skal vere en som ein fuktig, kompakt deig, bruk litt ekstra Fibersirup om nødvendig.
  2. Trill deiga ut til ei pølse og del opp i passelige biter. Eg vog mine kransekakestenger til 20 g, men du kan lage både mindre og større etter smak og behag. Trill ut til avlange pølser og legg på eit stekebrett med bakepapir.
  3. Steik kransekakestengene midt i ovnen 8-12 minutt, til en lett, gyllen brunfarge. Pass på å ikkje steike for lenge, då blir dei meir sprø enn seige. Avkjøl.
  4. Kransekakestengene er gode i seg sjølv, men pynt gjerne med ekstra sjokolade slik som eg har gjort. Eg brukte mørk 70% sjokolade, men bruk gjerne lys sjokolade, eller eventuelt kvit sjokolade.